Tibake
Vi søkjer kunstnar til utsmykking av vegg i offentleg rom (Nortura i Sogndal)

Søknadsfrist: 15. mars 2026

Utval: innan 15. april 2026 (se siste paragraf for meir informasjon)

Verket er tenkt ferdigstilt på lokasjon i tidsrommet mai-juni 2026.

Oppdraget Vi søkjer kunstnar til å utforme og realisere eit kunstverk som skal pryde neste flate på Norturaveggen i Sogndal. Veggen skal bidra til å skape ein stadsidentitet der alle føler seg velkomne, og kunsten skal inspirere til refleksjon over korleis vi ønskjer at samfunnet vårt skal vere. 

Veggen som skal utsmykkast er i betong, og er cirka 4 meter bred og 8 meter høg. Materiale og teknikk skal vere tilpassa langvarig eksponering av ymse vêr. Kunstverket skal ikkje vere til hinder for tilkomst eller dagleg bruk av området. Kunstbygda Balestrand AS bistår med praktisk tilretteleggjing under gjennomføring. 

Omgivnaden
Verka står nært til Osenbrui som vert opna i 2021, og minnesmerket til Arve Beheim Karlsen som blei avduka i 2024. Området er ein fin plass for gåturer og rekreasjon, men brukes òg i undervisningssamanheng. 
Kven kan søkje?
Vi inviterer profesjonelle kunstnarar, nyetablerte kunstnarar eller kunstnargrupper frå heile landet til å melde sin interesse. Erfaring med offentlege kunstprosjekt er ein fordel, men ikkje eit krav.
Krav til søknad Send inn følgjande:
1. Omtale av deg som kunstnar (ditt virke og foretrukken teknikk) og beskriving eller enkel skisse av idéen for kunstverket.
2. Budsjett og framgang: 
- Eit estimat over kunstnarhonorar (opp til 100.000,-) for dette prosjektet. 
- Korleis du ser for deg gjennomføring.
- Gjerne nokre ord om ekstra utgifter utover kunstnarhonorar som er knytt til planlegging/ produksjon/reise. Dersom du tenkjer å nytte anna materiale enn måling ønskjer vi å høyre om det. 

Korleis søkje? Send inn søknaden til post@kunstbygda.no med emnefeltet: "Søknad Norturaveggen 2026”. Dersom du har spørsmål, ta kontakt via e-post.

Utveljingsprosess Vi vil invitere inntil ti søkjere til å vidareutvikle/ ferdigstille skissa si, med frist 8. april. Desse mottar eit honorar på 2 500 kroner før endeleg utveljing av kunstnaren som får oppdraget. 

Sogndal kommune har eit eige kunstråd som, i samråd med Kunstbygda Balestrand AS, vil vurdere søknadene basert på kunstnarleg kvalitet, tematikk, og gjennomføringsevne innanfor prosjektrammer og økonomi. 


Oppdragsgivar: Kunstbygda Balestrand AS og Sogndal Kommune

Kunstverka frå 2024 og 2025 her