Historia

 
Kunstnarkolonien
Balestrand (1890-1919)




Hans Dahl 

Kilder brukt på denne siden:Nasjonalbiblioteket
Norsk kunstnerleksikon 
‘Kunstnarliv’ av Arne Melkild
Norsk Reiselivsmuseum

 

Balestrand – ei vakker bygd ved Sognefjorden omringa av dei mektige Esefjella – har sidan tidleg på 1800-talet vore inspirasjon for mange kunstnarar.

 
Den gongen var akademia i Europa, særleg i Düsseldorf, Tyskland, møtestad for dei norske kunstnarane. Balestrand og Sogn vart tidleg knytt til eit europeisk kunstmiljø. Inspirerte av det særeigne lyset, det dramatiske fjordlandskapet og mystikken bak dei historiske minnesmerka i området, etablerte fleire kunstnarar seg i sommarvillaer og drakestilshus i bygda – og ein kunstnarkoloni oppstod.

Ein må ta høgde for at landskapa på vestlandet var den fullkomne råma for det nasjonalromantiske bilete. Balestrand har lenge hatt eit internasjonalt ry som reisemål, kanskje takka vere alle måleria frå området som vart stilt ut ved galleria på kontinentet. Tilstrøyminga av kunstnarar gjorde Balestrand til eit viktig kunstnarisk sentrum.

Dei har sett sitt preg på bygda sidan Johannes Flintoe (1787-1870) si reise her i 1819, og han hadde då med seg den svenske Wilhelm Maxmillian Carpelan (1787-1830). Begge inspirerte andre kunstnarar som seinare tok turen.

Hans Fredrik Gude (1825-1903) skreiv etter sitt besøk i bygda i 1849: «Heer paa Balestranden har eg nu været saa længe, at eg næsten føler mig hjemme her…» Han fekk utsmykkingsoppdrag av kong Oscar II og måla i 1852 «Kong Beles Gravhøi ved Sognefjorden til Oscarhall i Oslo.

Eilert Adelsteen Normann (1848-1918) var den fyrste kunstnaren som reiste ein drakestilsvilla i Balestrand. Han slo seg til i Düsseldorf og seinare i Berlin der han i 1892 arrangerte utstilling med den då ukjende kunstnaren, Edvard Munch. Berlin var ikkje modne for Munch, so utstillinga vart stengt etter ein dag.

Kunstnaren Hans Dahl (1849-1937) bygde sin drakestilsvilla i 1893, og busette seg fast i bygda i 1919. Han vart ein god ven av keisar Wilhelm II, som vitja bygda fleire gonger mellom 1889 og 1914. Keisaren sine besøk og interesse for området bidrog òg til å gi internasjonal merksemd til Balestrand og kunstnarsamfunnet.

Seinare har det vore ei lang rekkje kunstnarar som har vitja eller etablert seg i bygda. I vidare samanheng spelte området ei viktig rolle i utviklinga av landskapsmåleri i Europa. Det særeigne landskapet i regionen inspirerte kunstnarar til å utvikle nye tilnærmingar og teknikkar.

Balestrand si kunsthistorie er framleis levande, nye generasjonar kunstnarar har kome til – naturen og lyset har tiltrekt seg kunstnarar i over to hundre år.
 

UTVALDE KUNSTNARAR I BALESTRAND 1800-1930

E.Adelsteen Normann      (1848-1918)

Normann var fødd i Bodø, men flytta til Tyskland i ung alder. Størstedelen av sitt vaksne liv tilbrakte han der. Sjølv om han var langt heimefrå, vart han aldri ferdig med Norge. Han henta inspirasjon frå reiser han gjorde i heimlandet, og mange av hans mest kjende verk er baserte på scener frå Vestlandet og fjordane.

Hans Dahl      (1849-1937)

Hans Dahl var ein framståande norsk kunstnar kjend for sine lyse og livfulle framstillingar av norsk natur og folkeliv. Dahl sine arbeid skildrar ofte idylliske scener med fjordar, fjell og folk i tradisjonelle norske drakter. Hans stil var realistisk, men med ein romantisk og nasjonalromantisk undertone. Hans Dahl tilbrakte mykje tid i Balestrand. 

Marie Hauge       (1864 - 1931)

Marie Hauge var mest kjend som målar, men ho dyrka også bilethoggerkunsten, som ofte tok form av små statuettar og relieff. Hennar landskapsmåleri bær preg av ein tørr og dominerande naturalisme. Marie Hauge tilbrakte fire somrar i Balestrand.

Johannes M. Grimelund       (1842 - 1917)

Johannes Martin Grimelund var ein norsk målar kjend for sine stemningsfulle landskapsmåleri. Grimelund sine teknikkar og stil bær preg av romantikk og realisme. Han har eit særmerkt talent for å gripe lyset i landskapet, noko som gir måleria hans ein særskild glød.

Hans F. Gude       (1825 - 1903)

Hans Fredrik Gude var ein av dei mest sentrale landskapsmålarane i Noreg på 1800-talet. Gude arbeida mest i Tyskland men besøkte Balestrand fleire gongar i løpet av livet sitt, og lagde ein serie måleriar av landskapa her som del av eit oppdrag for Kong Oscar II.  



Drakestilen i Balestrand oppstod då kjende kunstnarar kjøpte strandtomter ved Sognefjorden for om lag eit hundreår sidan. I perioden då sveitserhus i drakestil vart reiste, blei mange av desse husa sett ned på. Dei representerte noko ukjent, var ofte delvis ferdigbygde før oppsetting, og dei symboliserte ein stil som ikkje var særleg omtykt blant den tidas intellektuelle og kunstneriske kretser i Noreg.




Meir om drakestil og husa i Balestrand
Kvikne hotell





Organisasjonen

Kunstbygda
Balestrand




Kunstbygda Balestrand er eit selskap med hovudføremål å styrke Balestrand sin posisjon som ei levande kunststad no og i framtida. Selskapet er non-profit og skal bidra til at kunst og andre kulturuttrykk blir ein viktig utviklingsfaktor i heile regionen.



Om oss



Samarbeid & tilskot:

  • Vestland Fylkeskommune
  • Sogndal kommune
  • Sogn Sparebank


Roller & Satsingar:

  • Tilretteleggar for kunstnare, kunstlag og visningsstader
  • Samarbeidsrolle mot Sogndal kommunes kultursektor
  • Samordnar og nettverksbyggar for eit kreativt Sogn
  • Kunnskapsbase og formidling

Kontakt oss:


Les meir om oss
Viktige lenkjer
→ Aktivitetar 1990-2023






Vilde Hjetland fra utstillingen ‘Hardt & Mjukt’ 2022



Les meir om Kunstbygda Balestrand
Styret og tilsette
Kortfilm på Youtube
EuroArt